Om Bildetema
Bildetema er ei fleirspråkleg biletordbok med bilete, tekst og lyd inndelt etter tema. Biletordboka kan vere eit utgangspunkt for arbeid med språk i barnehage, skule og vaksenopplæring. Ho inneheld eit grunnleggjande ordtilfang, hovudsakleg substantiv og adjektiv.
Bildetema har ulike funksjonar, mellom anna moglegheita for å sjå fleire bilete per ord, utskriftsfunksjon, valfri visning av ord og ubundne artiklar.
Eit nordisk samarbeid
Bildetema blir drifta av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet – storbyuniversitetet i Noreg, i samarbeid med Institutet för språk och folkminnen (Isof) i Sverige, Center of Language and Literacy på Island og Nationalt Videncenter for Læsing i Danmark. Alle dei fire institusjonane jobbar med styrking av språkferdigheiter hjå born, unge og vaksne.
Bildetema er tilgjengeleg på seks ulike navigeringsspråk:
Opphavsrett bilete
Bileta i Bildetema er kjøpte med standardlisens fra Adobestock. Her kan du lese meir om vilkåra for bruk av Standardlisens (stock.adobe.com).
Gi oss tilbakemelding
Bildetema er under utvikling og blir jamleg oppdatert med nye bilete og språk. Gi oss gjerne ei tilbakemelding dersom du finn feil eller manglar i Bildetema. E-post: bildetema@oslomet.no